• DatoTirsdag 22/03/22
  • Tidspunkt 18:30 - 19:30
  • Sted Zoom

Webinar: Atomterrorisme?

  • Del:

Volodymyr Zelensky har beskyldt Vladimir Putin for atomterrorisme, og norske apotek er utseld for jodtablettar. Direktoratet for strålevern og beredskap (DSA) har sett krisestab. Krigen i Ukraina er allereie ein enorm humanitær katastrofe. Er det grunn til å frykte at det kan bli endå verre?

 

Bli med på webinar og still dine spørsmål til ekspertane. Påmelding her:
https://us02web.zoom.us/…/register/WN_i6DVE7qzS3yHqrYCSIv-tw

 

Putin har trua med bruk av atomvåpen. Kva er risikoen for at han faktisk skal gå til det skritt å bruke verdas verste masseøydeleggingsvåpen? Er det reell fare for atomkrig?

Ukraina har 15 aktive atomreaktorar, som ikkje er bygd for å tåle krig. Kva er risikoen for utslepp frå desse?

Og sist, men ikkje minst, kva slags scenario står me ovanfor skulle det verste skje?

 

Med oss til å halde korte innleiingar og svare på desse og fleire spørsmål, har me:

KJØLV EGELAND, forsker på atomvåpenpolitikk ved Sciences Po.
OLE CHRISTEN REISTAD, avdelingsleiar ved Avdeling miljøtryggleik og strålevern ved Institutt for energiteknikk (IFE)
SIGNE FLOTTORP, lege og styreleiar i Norske leger mot atomvåpen