Landsmøtet blir avholdt laurdag 25. april klokka 09:30 - ca 11:00
På grunn av koronasituasjonen vil møtet avholdes digitalt.
Påmeldte vil motta sakspapir og instruksjonar for oppkopling til møtet på epost. Det skal ikkje vere naudsynt med anna utstyr enn ei vanleg datamaskin og tilgang til internett med grei hastighet. Kontakt oss på forhånd om du har behov for teknisk assistanse.
Påmelding kan gjerast ved å sende ein epost til anja@legermotatomvapen.no så snart som mogleg, og seinast innan 17. april. Forslag til saker må meldast innan 5. april 2020.
Landsmøtet er Norske leger mot atomvåpen sitt høgste organ. Alle ordinære medlemmer har forslags- og stemmerett og støttemedlemmer har forslagsrett.
Umiddelbart etter landsmøtet vil me ha eit felles styremøte for nye og gamle styremedlemmer.
Opprinneleg hadde me planlagt eit fagleg seminar og felles middag fredag 24. april. Dette arrangementet utgår dessverre.
I medlemblad nr 1/2020 har me innkalla til landsmøtet. Me beklagar at gjennomføringa ikkje blir slik det står der. Bladet gjekk i trykken før tiltaka for å redusere smittespreiing vart så omfattande som dei er no.