Foto: Ralf Schlesener / ICAN
Dei neste dagane skal førstekomiteen i FNs generalforsamling stemme over ei rekke resolusjonar knytta til atomvåpen og nedrusting.
Den nye norske regjeringa har stadfesta at dei vil auke innsatsen for kjernefysisk nedrusting, fokusere på dei humanitære konsekvensane av atomvåpen, og delta som obervatør på statspartsmøta til atomvåpenforbodet.
Dette er modig og god politikk! No forventar me at Hurdalsplattforma følges opp med handling og får følger for norsk stemmegiving i FN.
Under Erna Solberg har Norge stemt avholdande til resolusjonen “Humanitarian consequences of nuclear weapons”. Sidan regjeringsplattformen så gledelig slår fast at Norge igjen vil ha fokus på atomvåpens humanitære konsekvensar, går me ut ifrå at Norge stemmer for i år.
Under Erna Solberg har Norge har Norge stemt mot resolusjonen om atomvåpenforbodet "Treaty on the Prohibition of Nuclear Weapons". Når regjeringa no vil observere statspartsmøtene til atomvåpenforbodet, er dette eit signal om at Norge støttar intensjonen i avtalen. Då vil det vere svært inkonsistent dersom Norge skulle stemme mot denne resolusjonen i FN.