I eit lesarinnlegg i Klassekampen omtalar me vårens landsmøter, og vurderer kva moglegheiter som ligg i eventuelle regjeringsforhandlingar til hausten.

Denne saka vart fyrst publisert i Klassekampen 28.04.21. 

SV, atomvåpen og Nato – berre å brette opp ermene!

Arild Rønsen stiller eit betimeleg spørsmål i Klassekampen 23. april. Kan SV sitte i ei regjering som ikkje støttar eit forbod mot atomvåpen, når partiet er tufta på nettopp kampen mot atomvåpen?

I helga vedtok SV sitt nye partiprogram. Det er krystallklart på målet om norsk tilslutning til FN-traktaten som forbyr atomvåpen. Kva så med SV sine potensielle regjeringspartnarar?

Ap er splitta. På landsmøte førre helg stemte ein tredjedel for AUF sin svært tydelege støtte til norsk tilslutning. Fleirtalet si innstilling vann likevel fram, men også denne er positiv til forbodet. Ap slår fast at «Den internasjonale forbudstraktaten er et godt initiativ og bidrar til å øke stigma rundt atomvåpen», og at «Det bør være et mål for Norge og andre Nato-land å underskrive atomvåpenforbudet».

Senterpartiet stemte for norsk tilslutning til atomvåpenforbodet då saka vart debattert i Stortinget i 2019. Partiet har lenge vore ein viktig pådrivar for humanitær nedrusting. Førre raud-grøne regjering fekk gjennom eit forbod mot klasevåpen (som i ettertid har vist seg svært effektivt for å redusere både produksjon og bruk av våpenet, også blant land som ikkje har tilslutta seg traktaten). Så byrja Ap, Sp og SV arbeidet med eit forbod mot atomvåpen. Dessverre fekk dei ikkje fullført, då det vart regjeringsskifte hausten 2013. Under Solberg-regjeringa, boikotta Norge forhandlingane om atomvåpenforbodet i FN i 2017.

Til trass for eit uttalt mål om norsk signering, påstår Ap at «I dagens sikkerhetspolitiske situasjon er det ikke mulig for Nato-land som Norge å undertegne uten å redusere vår mulighet for innflytelse og beskyttelse.» Dette er ein feilaktig påstand, basert på misforståinga om at norsk tilslutning medfører einsidig nedrusting. Det ei norsk tilslutning kan gjere, er å sette nedrusting på agendaen igjen. Atomvåpenforbodet er normdannande, og bidrar til å legge press på atomvåpenstatane om å inngå forhandlingar om (gjensidig og verifiserbar) nedrusting.

Ein rapport frå Folkerettsinstituttet (2020) slår fast at Norge i dag har svært begrensa innflytelse på atomvåpenpolitikken i Nato. Om me vågar å ta på oss leiartrøya, kan me derimot få betydeleg meir å sei.

Norge kan ikkje underteikne traktaten som einaste Nato-land, sa Jonas Gahr Støre på Aps landsmøte. Då gjeld det å få med seg fleire Nato-land! Me veit at andre allierte ser til Norge, ein av initiativtakarane bak atomvåpenforbodet. Kan Norge få med seg fleire Nato-land som signerer samtidig, vil effekten bli endå større. Nato kan då ikkje lenger passivt gøyme seg bak målsettinga i det strategiske dokumentet frå 2010 om ei verd fri for atomvåpen, utan å ta grep for å faktisk oppnå dette målet.

I regjeringsforhandlingar har SV gode moglegheiter for å igjen la Norge bli ein forkjempar for folkeretten og for kjernefysisk nedrusting, og støtte opp om det store fleirtalet av medlemsland i FN som ynskjer å forby verdas verste masseødeleggingsvåpen. Dette kan gjerast innanfor rammene av norsk Natomedlemskap, der handlingsrommet er større enn det dagens regjering tør å ta i bruk.

«Verdens atomvåpenstater må presses og hjelpes til å forhandle om gjensidig reduksjon og avskaffing av atomvåpen. Nato kan ikke løse atomvåpenproblemet alene. Men Nato kan lede.» Dette skreiv seks tidlegare norske statsministrar og utanriks- og forsvarsministrar i Aftenposten i haust. For SV er det berre å brette opp ermene og gjere seg klar. Samarbeidspartnarane treng berre eit lite dytt i riktig retning.

 

Innlegget er skrive av Anja Lillegraven, dagleg leiar i Norske leger mot atomvåpen.

Vil du støtte vårt arbeid for norsk tilslutning til atomvåpenforbodet? Du kan bli (støtte)medlem her eller gje oss ei gåve.