Debattinnlegg om krisen i Europa frå styreleiar Signe Flottorp og dagleg leiar Anja Lillegraven på vegne av styret i Leger mot atomvåpen i Dagsavisen 16.02.2022.

Våpen hindrer ikkje katastrofe

Teksten ble først publisert av Dagsavisen 16. februar 2022.

Forholdet mellom USA og Russland er på eit kritisk lavmål. Spenninga aukar frå dag til dag,
og amerikansk etterretning har varsla russisk invasjon i Ukraina på onsdag. Faren for krig i
Europa er overhengande.

I denne situasjonen vil blant andre Unge Høyre at Norge skal selje våpen til Ukraina så dei
betre kan forsvare seg mot ein eventuell russisk invasjon. Ikkje berre strider forslaget mot
Stortingsvedtaket frå 1959 som hindrar sal av norske våpen til konfliktområder – det er også
eit kontraproduktivt forslag dersom målet er å hindre krig og katastrofe.

For kva er det som står på spel? Amerikanske myndigheter åtvarar om at ein militær konflikt
kan føre til 25 000 - 50 000 drepne sivile, 5000 - 25 000 drepne ukrainske soldatar og 3 000 –
10 000 drepne russiske soldatar. Tala baserer seg på ein militær konflikt med konvensjonelle
våpen.

Men kva skjer om konflikten eskalerer ytterligare? USA og Russland er verdas to desidert
største atomvåpenstatar. Begge har politikk som tillèt førstebruk, men me kan håpe at
verken Biden eller Putin vil gå til det skritt å starte atomkrig med vit og vilje. Dessutan kom
dei nyleg med ei felles erklæring om at ein atomkrig aldri kan vinnast, og aldri må
utkjempast. Realiteten er likevel den at både USA og Russland har rusta opp og modernisert
dei kjernefysiske arsenala dei seinare åra. Det same har dei sju andre atomvåpenstatane.

Atomvåpen er eit masseøydeleggingsvåpen, utvikla for å utslette byar og drepe sivile.
Moderne atomvåpen har større variasjon i sprengkraft og er meir presise. Det reduserer
terskelen for bruk. Vidare kan enkelte missiltypar bere både konvensjonelle og kjernefysiske
stridshovud. Motstandaren kan ikkje sjå kva stridshovud eit innkomande missil har. Russland
har erklært at dei av denne grunn vil behandle alle innkomande ballistiske missil som eit
kjernefysisk angrep – som krev kjernefysisk motsvar. Gjennom historia har me fleire
eksempel på situasjonar der berre flaks har forhindra bruk av atomvåpen. Når spenninga
stig, aukar òg faren for misforståingar og feilberekningar.

Eitt enkelt atomvåpen på 100 kilotonn over Kreml vil drepe 250 000 menneske og skade
ytterligare ein million. Over Washington, ville det same våpenet drepe 170 000 og skade nær
400 000. Men det er lite sannsynleg at ein atomkrig vil avgrense seg til bruken av eitt
kjernefysisk stridshovud. Eit studie viser at dersom 300 av Russland sine 1 600 utplasserte
kjernefysiske stridshovud detonerte over amerikanske byar, ville 78 millionar menneske dø i
løpet av 30 minutt.

Ingen kan handtere konsekvensane av eit kjernefysisk angrep. Skadane vil vere for
omfattande og strålingsfaren vil gjere det vanskeleg å sende inn hjelp.

Helsepersonell veit at det me ikkje kan kurere, det må me forhindre. Derfor oppfordrar leger
og anna helsepersonell frå heile Europa no til diplomatiske løysingar. International
Physicians for the Prevention of Nuclear War (IPPNW) i Europa har lansert appellen: Ingen
krig i Europa
. Me tar ansvaret for livreddande, førebyggjande arbeid på største alvor.
Koronapandemien har vist kor langt helsepersonell er villig til å strekke seg for å redde liv.

No står me framfor ei ny humanitær krise i Europa. Ei krise som kan forhindrast, om rette
tiltak blir sett i sett i gang. Å velje diplomati framfor opprusting kan forhindre krig, og den
humanitære katastrofen ein krig nødvendigvis vil medføre.
Konfronterande politikk driv oss mot kanten av stupet. Begge sider skuldar den andre for å
eskalere situasjonen, mens haukar på begge sider ropar om ytterligare militær opprusting. Å
sende militært personell og utstyr til den ukrainske grensa aukar faren for konfrontasjon.
Det er på tide å ta eit skritt tilbake og forsøke å sjå saka frå den andre sitt perspektiv. Me må
lytte til opplevde og uttrykte behov, anten me ser dei som legitime eller ikkje, og forsøke å
forstå. Å forstå er ikkje det same som å akseptere.
Me ber den norske regjeringa oppmode alle partar i konflikten til å

  • utforske og iverksette tillitsskapande tiltak og strekke seg langt for å komme til semje i forhandlingane om risikoreduksjon, avspenning og nedrusting,
  • avstå frå militær eskalering, trekke tilbake tropper og militært utstyr frå område som grenser til Ukraina, og innføre gjensidige begrensingar på størrelse og innretning av militærøvelsar,
  • ikkje utplassere kort- og mellomdistansemissil som kan nå den andre part, ikkje ha atomvåpen utplassert utanfor eigne grenser, og ta initiativ til forhandlingar med alle dei ni atomvåpenstatene om gjensidig, verifiserbar og irreversibel kjernefysisk nedrusting, og på sikt tilslutning til FN-traktaten som forbyr atomvåpen.

Det er berre dialog og diplomati som kan forhindre ein ny humanitær katastrofe i Europa.

Skrive av:
Signe Flottorp, Styreleiar
Anja Lillegraven, Dagleg leiar
På vegne av styret i Norske leger mot atomvåpen
Norske leger mot atomvåpen er ein del av IPPNW - International Physicians for the
Prevention of Nuclear War.